Les på bokmål
her>>>
Du trur kanskje at drama og show berre handlar om kos og
nedtrapping mot ferien. Så feil kan ein ta. Drama tek i
vare mange sentrale målsetjingar i grunnskulen.
Forsking viser at viser at ungdom som får teater og
drama i undervisninga scorar betre på ei rekkje område
samanlikna med medelevar som ikkje får denne
undervisninga.
(forskning.no)
Eit skodespel eller ei
framføring bringar fram stoltheit og minne blant oss
føresette.
Skulen set ikkje opp eit
skodespel berre for å glede oss. Sjølve framføringa er
på mange måtar slutten på eit lite læringsprosjekt som
gir barna myke nyttig læring.
Dramafaget krev at ein tar i bruk fleire
sider ved seg sjølv samtidig. Slik bidrar det til å
utvikle heile personlegdomen, heile mennesket. Mange
dramaøvingar krev konsentrasjon. I tillegg tar ein ofte
i bruk fleire av de fem sansane (høyre, sjå, føle,
smake, lukte). Ein blir trena i å ta i bruk og bli klar
over kroppsspråket og å snakke/synge framfor andre.
Mange dramaaktivitetar
krev
samhandling og samarbeid med andre. Ein tar ofte i bruk
tematikk
som krev at ein reflekterer over korleis ein sjølv ville
handla i ein gitt situasjon. Dermed utviklar ein seg
også personleg.
I planfasen ligg det også myke læring. Samhandling,
lese, pugge tekstar, utrekningar, kostymer og kulisser.
Drama
kan ivareta sentrale målsetjingar som:
- å skape engasjement
og gje opplevingar
- å ivareta ein
utforskande og skapande læreprosess
- å vekkje interesse
for og øve opp evna til konsentrasjon,
kommunikasjon og samspel
- å utvikle evna til
empati og innleving
- å ivareta humor,
glede, spenning og overrasking
- å opne opp for
forståing og erkjenning av innhaldet i
lærestoffet og betydning av det.
|
|
|